Hopp til innhold

Brann i industribygg i Bergen

Det brenn i eit industribygg på Titlestad i Bergen. Alle i bygget skal vera ute.

Klokka 16.45 fortalde vaktkommandør Trond Landaas ved 110-sentralen til NRK at brannmannskapa framleis jobbar med sløkking, men at det ikkje lenger er fare for at brannen spreier seg ut i terrenget.

Ein halvtime seinare var brannen slått ned.

To personar fekk i seg røyk, og vart behandla av ambulansepersonell på staden, opplyste operasjonsleiar Helge Blindheim i Vest politidistrikt til NRK.

Brannvesenet varsla politiet klokka 15.49. Politiet kom til staden rundt ein halvtime seinare.

Det var lenge opne flammer gjennom taket, og det velta tett, svart røyk ut av bygget.

Naboar vart ikkje evakuerte, men fekk i ein periode beskjed om å halda seg inne og lukka vindauga.

– Det brenn godt på staden, sa Landaas i 16-tida.

Det var ei stund fare for spreiingsfare til skog i området.

Ifølge Blindheim er det ein del maskinar og lastebilar inne i bygget, som skal være ein 800 kvadratmeter stor «stålhall» for avfallssortering.

– Det er nevnt at det kanskje også er ein del batteri i bygget, noko som jo kan gi giftig gass viss dei brenn. Vi har ikkje heilt oversikt endå, sa Blindheim klokka 16.10

Brann i industribygg
Foto: Arne Frank Solheim / NRK