Hopp til innhold

Opp mot 100 personar evakuert etter brann

Naudetatane rykka ut til Hesthaugvegen i Åsane i Bergen like før klokka 18:00 på grunn av brann i eit forretningsbygg.

Bygget husa fleire ulike bedrifter, blant anna eit treningssenter.

– Det er evakuert ein god del menneske ut frå bygget. Rundt 80 til 100 personar er evakuert, seier Tom Johannessen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Klokka 19:14 melder 110-Vest at brannen er sløkt.

Det var meldt om opne flammar frå bygget, og brannen var ikkje under kontroll, kunne operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tom Johannessen melde då politi og brannvesen rykka ut.

– Det brenn inn under taket på bygget, og det er ikkje kontroll på brannen, sa vaktkommandør Håkon Myking i 110-Vest.

Politiet fekk melding om brannen klokka 17:52. Det er ikkje meldt om nokon skadde, seier Johannessen.

Brann i Åsane.
Foto: Valentina Baisotti / NRK