Hopp til innhold

Bil køyrde i elv - to personar sit fast

Ein bil med to personar hamna like over klokka 15 i Tåelva ved fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen. Dei to i bilen kom seg ikkje ut med det same, men skal no vere på veg ut av bilen.

– Ei av dørene er komen opp, og dei er på veg ut av bilen, seier Jan Ove Haga ved 110 Vest. Personane i bilen melde sjølve frå om utforkøyringa.

– No får dei hjelp ut av bilen, så blir dei tekne hand om av ambulansepersonell, seier Haga. Det er uvisst kor skadde personane er, men dei skal ha klaga på smerter. Alle naudetatane har rykt ut til staden.