Hopp til innhold

Bil i rekkverket på E39

Ein bil køyrte i autovernet på E39 på Ostereidet i Alver kommune i 11-tida. Politiet mistenkjer ein mann i 30-åra for å ha køyrt bilen. Dei skriv på X at han er uskadd, men framstår påverka. Mannen er frakta til legevakt, og det blir tatt blodprøve av han. Ein bilbergar har fjerna bilen frå staden.