Hopp til innhold

Bil i fjellveggen ved E39 Breimsfjelltunnelen

Klokka 1708 kom ein patrulje over eit trafikkuhell på E39 Breimsvegen utanfor Breimsfjelltunnelen. Det er ikkje meldt om personskade. Tunnelen er stengd som følgje av uhellet. Ambulanse er også på staden. Bilbergar er rekvirert. Det er berre ein bil involvert i uhellet. Politiet opplyser at bilen har treft fjellveggen og ikkje er farbar. Det lek noko olje frå køyretøyet og brannvesenet rykkjer også ut.