Hopp til innhold

Bergensbanen stengt: Skarverennet-deltakarar fast på fjellet

Det er framleis stengt på Bergensbanen mellom Hallingskeid og Finse på grunn av straumproblem, opplyser Bane Nor. Ny vurdering var venta klokka 15, men denne er no forskyvd til 16.30.

Problemet oppstod når eit Vy-tog fekk problem med pantografen, opplyser pressevakt Britt-Johanne Wang. Det er denne som hentar straumen frå køyreledningen og ned til toget.

– Det blir jobba med å få ut toget som har mista straumen. Vy prøver å få inn andre tog, men store deler av personalet som skulle bemanna andre togsett sit på det toget som står fast.

Som om ikkje det var nok, har det avlyste Skarverennet gjort situasjonen meir prekær.

– Skiløparane har gått ned til kvar sin stasjon for å venta på eit tog, anten austover eller vestover. Vy har snudd toga sine på litt ulike stader, og det er komplisert når det er så mykje folk og tog som skal snuast mot både Bergen og Oslo, opplyser Wang.