Hopp til innhold

Bergen varmast, og meir sol i vente

Det var årets første nordiske sommardag onsdag, med temperaturar over 20 grader fleire stader. Aller varmast i Noreg var det i Bergen med 23,6 grader. Austevoll var hakk i hæl, med 22,4 grader. Det er meldt like høge temperaturar torsdag. I ettermiddag er det varsla sol og 24 grader, ifølgje yr. – Det blir varmast i ytre strøk, men i indre strøk vil dei slita med å koma over 20 grader. Det ser bra ut fredag og laurdag også, så no er me inne i ein god periode, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

På festplassen i Bergen slapper folk av foran LilleLungeren sol fra nesten skyfri himmel.
Foto: Ann-Kristin Loodtz / AnnKristin Loodtz