Hopp til innhold

Bergen byråd varslar milliardkutt i investeringar

Bergen kommune har investeringsprosjekt på til saman rundt 4 milliardar kroner i år, inkludert nesten 1 milliard til skulane. Men no planlegg byrådet å redusere det årlege investeringsbudsjettet med 1 milliard kroner innan år 2028.

– Dette er reduksjonar som vil treffe mange, men som er heilt nødvendige om Bergen skal kunne møte eldrebølga og satse på skule, utan å sende ei auka skatterekning til bergensarane.

Det seier finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad (H) til BT.

Byrådet vurderer mellom anna å bygga nye skulebygg trongare enn Bergen har gjort til no.

Kva prosjekt som blir forseinka, droppa eller nedskalert blir avgjort i september.

I tillegg til investeringskutt dei neste åra, har byrådet tidlegare varsla at dei planlegg å kutta årets driftsbudsjettet i Bergen med 95 millionar kroner.

finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad
Foto: John Inge Johansen / NRK