Hopp til innhold

Ber folk følge med på vegane etter fleire steinnedfall i natt

Kraftig nedbør det siste døgnet har ført til steinnedfall fleire stadar i fylket.
Det kom ein stein på rundt ein kubikk på E39 Vadheimsvegen ved Økslandsvatnet i natt - den er no fjerna.
Det ramla også ein stor stein på fylkesveg 55 mellom Skjolden og Luster i går kveld.
Fleire små steinar ramla også ned på fylkesveg 5715 mellom Måløy og Vågsvåg.

– Det har vore ei veldig våt natt og det betyr at på dei stadane på Vestlandet som er rasutsett, kan det kome ned litt stein, seier trafikkoperatør Jørgen Bødtker.
Vegtrafikksentralen seier det kan vere lurt å følge litt ekstra med no på morgonkvisten.

Stein på fv 5715
Foto: Erling Wåge