Hopp til innhold

Bedriftseigar frå Bergen har kjøpt tidlegare kystvaktskip

Bedriftseigar Bernt Hellesøe frå Bergen har kjøpt det gamle kystvaktskipet KV «Senja», skriv Sunnhordland.

Skipet skal no døypast om til forsking- og skuleskip, og kallast «Northstar.»

– KV «Senja» har vore ein solid arbeidshest som har stått i lang og tru teneste for Noreg. Fartøyet er i god stand og eg håpar den nye eigaren vil få stor nytte av fartøyet i mange år framover, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) i ei pressemelding.

Skipet vart bygd i Horten i 1981-82, og var i bruk av Kystvakta fram til 2021.

KV Senja, som no skal døypast om til Northstar. Kjøpt av Bernt Hellesøe.
Foto: Haakon Kjøllmoen / Forsvaret