Hopp til innhold

Bane Nor: Lokomotivet blir henta ut tidlegast tysdag

Bergensbanen er framleis stengd mellom Bergen og Vaksdal etter at eit godstog spora av fredag. Det er uvisst kor lang tid oppryddingsarbeidet vil ta, men pressevakt i Bane Nor, Anne Kirkhusmo, seier det vil ta tid.

– Lokomotivet blir ikkje henta ut i dag. Politiet og Statens Havarikommisjon gjer undersøkingar og dei må frigi skadestaden først, seier ho til NRK måndag.

Medan lokaltoga måndag morgon går som normalt melom Bergen og Arna, har Bane Nor varsla at dei kjem med ei ny oppdatering om Bergensbanen på skjærtorsdag.