Hopp til innhold

Bål kan vere brannårsak

Eit bål kan vere årsaka til naustbrannen i Viksdalen i Sunnfjord. Det skal tysdag ha blitt brent eit bål på nedsida av naustet, og politiet skriv på X at mykje vind gjennom natta kan ha blåst glør til naustet. Naustet er totalskadd i brannen. Politiet har oppretta sak.