Hopp til innhold

BA: Menneskeleg feil var truleg grunn til taxiulukka på Torgallmenningen

Hordaland tingrett slår fast at hendinga der ein taxi køyrde i full fart før han krasja i ein kiosk på Torgallmenningen truleg var på grunn av menneskeleg feil. Det melder BA. Onsdag prøvde sjåføren i 40-åra å få tilbake førarkortet sitt, men retten sa nei.

Grunnen skal vera at retten meiner at det er meir sannsynleg at sjåføren gjorde feil enn at det skjedde ein teknisk svikt i bilen. I ein rapport frå Tesla som politiet har fått skal det stå at det ikkje er registrert at bremsepedalen er brukt, men at det har vore bevegelse i gasspedalen.

Sjåføren har behov for førarkort for å få gjort jobben sin, men retten meiner han likevel ikkje kan få førarkortet tilbake enda. Politiet får derfor medhald i halda førarkortet inndrege ytterlegare tre månader.

En taxi kjørte i stor hastighet på fortauet nedover Torggaten, videre inn på Torgallmenningen hvor den stanset etter kollisjon med Narvesen-bygget.

Drosje smadra uteservering og krasja – utelukkar ikkje teknisk svikt

Berre timar etter at gjestane hadde forlate den populære utestaden Lille i Bergen natt til laurdag, smadra drosja gjennom uteserveringa.