Hopp til innhold

Åtvarar bergenspolitikarane om stram økonomi

Kontrollutvalet til bystyret er bekymra for at Bergen kommune i fjor både fekk eit dårleg driftsresultat, auka gjeldsgrad og mindre på sparekonto.

– Bystyret bør nøye vurdere dei økonomiske konsekvensane av sine politiske vedtak for Bergen kommune, sett både mot driftsresultat og gjeldsgrad, uttalar kontrollutvalet.

Det skjer samstundes som fleire protesterar mot sparing og kutt i alt frå barnehage og skular til helsevesenet - og det i årets budsjett.