Hopp til innhold

Attvald som fylkesleiar i Ap

Marte Mjøs Persen vart søndag ettermiddag attvald som leiar for Vestland Arbeiderparti.

Siri Sandvik frå Stad vart første nestleiar.

Persen var einaste kandidat til leiarvervet.

Ho og fylkesstyret støtta ikkje forslaget frå flere lokallag om at Persen skal ta permisjon frå vervet viss ho igjen blir statsråd, slik ho var frå oktober 2021 til oktober 2023.

Ap sentralt får likevel forslaget til vurdering.

Marte Mjøs Persen (Ap) under pressekonferansen på Hylkje i Bergen om at Nordhordlandstunnelen på E39 kjem inn i regjeringas forslag til nasjonal transportplan og skal byggast ferdig innan 2030.
Foto: Benjamin Dyrdal / NRK