Hopp til innhold

Åtte personar i kjedekollisjon

Ein bubil og to personbilar er involverte i ei trafikkulukke på E39 ved Vadheim i Høyanger. Uhellet har skjedd i 60-sona på eit smalt parti mellom Vadheim og Bogstunnelen. Ifølgje politiet skal det vere ein påkøyrsel bakfrå, med totalt åtte involverte personar. Det skal vere fleire born blant dei involverte. Ingen personar skal vere fastklemde. Det er fleire ambulansar på staden. Vegen var ein periode heilt stengd, men i 1330-er eitt felt opna og det er manuell dirigering.