Hopp til innhold

Arbeidsulukke ved Norzink i Odda var udramatisk

Politi og ambulanse har rykka ut til ei arbeidsulukke etter melding om at ein arbeidar skal ha falle ned frå eit stillas ved smelteverket Norzink i Odda.

Det melde Vest politidistrikt litt etter klokka 17.

På staden vart det konstatert at arbeidaren ikkje var skadd på grunn av fall, men at han hadde hoppa ned frå eit lågt stillas etter å ha fått ein annan, liten skade, opplyser politiet til NRK.