Elden går inn i ankesaka for dømt lærar
Måndag 27.januar startar ankesaka i Gulating lagmannsrett, der ein tidlegare lærar er tiltalt for å ha sendt seksualiserte bilete og videoar til fire av sine eigne elevar, via bildedelingstenesta Snapchat.
Dei fire elevane var mellom 13 og 14 år då dei ifølgje tiltalen vart tilsendt seksualiserte bilete frå den kvinnelege læraren i 30-åra.
Hordaland tingrett dømte læraren til 60 dagar ubetinga fengsel, i tillegg til at dei inndrog telefonen hennar.
Tingretten peika på at læraren sin uforsvarlegheit, gjer det meir truverdig at læraren har sendt dei seksualiserte videoane og seinare også har forsøkt å bestikke og true dei til tausheit. Læraren har heile tida nekta straffeskuld, og vil i lagmannsretten bli representert av advokat John Christian Elden.
Saka har vekt mykje merksemd, særleg sidan gutane sjølv opplevde å bli mistenkeleggjort - noko deira bistandsadvokatar trekte fram i tingretten.
Dei fire fornærma gutane i saka, blir representert av bistandsadvokatane Cecilie Wallewik og Erik Johan Mjelde.
— Det er naturlegvis ei belasting for dei fornærma og familiane at denne saka skal bli handsama på ny, sier Wallewik til NRK.