Hopp til innhold

Aksjonen avslutta etter melding om kantra båt

Vest politidistrikt melder at redningsoppdratet er avslutta utan at det vart funne nokon som var i naud.

Politiet fekk kontakt med nokre ungdommar som har vore ute på sjøen i ein liten båt og fiska. Ungdommane stadfestar at det truleg var dei som vart observert ved Brattholmen i Bjørnafjorden.