Hopp til innhold

«Lysboge» skadde kinesisk serviceingeniør (31) hos Tide Buss

Hendinga på verkstaden til YES-EU AS på Tide Buss sitt område på Mannsverk i i Bergen i går var ein «lysboge» som trefte og skada ein person.

Det skriv teknisk sjef Gøran C. Rykkje i YES-EU i ei pressemelding.

Hendinga vart tidleg skildra som ein «eksplosjon» i eit batteri i ein el-buss, men Rykkje uttalte i går kveld at ulukka oppstod i høgvolt-anlegget, ikkje i eit batteri.

Etterforskinga har hittil konkludert med at mannen vart treft av ein stikkflamme.

Rykkje skriv at lysbogen kom frå styringssystema til høgvoltanlegget på verkstaden, i samband med arbeid på bussen.

På vegner av familien opplyser han at den skadde er ein 31 år gamal serviceingeniør frå bussfabrikken i Kina. Han var i Noreg for å drive opplæring og støtte.

Mannen er forbrent, men stabil. Han blir behandla på brannskadeavdelingen på Haukeland sjukehus.

Kollegaer av den skadde har kome frå Kina til Bergen, og det blir arbeidd med å få ein eller fleire familiemedlemmar til byen.