Hopp til innhold

60 liter olje rann ut i sjø i Kinn

Politiet og brannvesenet rykte ut til Gate 1 i Måløy i Kinn etter melding om oljelekkasje frå ein bil.

Noko av oljen skal ha runne ut i sjøen.

Det er truleg ein gåen hydraulikkslange som står bak lekkasjen, melder politiet.

Klokka 9.40 opplyser politiet at det har runne ut om lag 60 liter olje i sjøen. Politiet opprettar sak på hendinga.