Hopp til innhold

47 personar innlagde i Helse Vest

Sjukehusa i Helse Vest har 47 personar innlagde med korona fredag føremiddag. 13 av dei får intensivbehandling med respirator. Sjukehusa i Bergen og Stavanger har 35 av pasientane innlagde. I Førde er det no to pasientar innlagde på sentralsjukehuset.