Hopp til innhold

17 millionar til verna og freda fartøy

Vestland fylkeskommune løyver til saman over 17 millionar kr til sikring og istandsetting av 17 verna og freda fartøy. Det kjem fram av ei pressemelding.

– Som fylkeskommune skal vi bidra til å ta vare på desse flytande kulturminna våre. Dei syner historia vår som eit kystfylke, der sjøen og fjorden var vegen, seier hovudutvalsleiar Jacob Nødseth frå Vestland fylkeskommune.

Fylket er det i landet med flest verna og freda fartøy.

Tilskotet går til å mellom anna dekke nødvendige driftskostnader, reservedelar, bevaring og formidling.

Granvin og Vestgar
Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune