Hopp til innhold

16 køyrde for fort på Flyplassvegen

Utrykkingspolitiet har hatt fartskontroll på Flyplassvegen i Bergen. Like over klokka 13 var det 16 førarar som køyrde for fort og som derfor fekk forenkla førelegg. Den høgste farten vart målt til 94 km/t. Tre sjåførar måtte betala fordi dei køyrde i kollektivfeltet, og ein fekk gebyr for å ikkje bruka bilbelte.