Hopp til innhold

Sakna 15-åring i Bergen funnen omkomen

Den sakna 15-åringen i Bergen vart i 16-tida funnen død i sjøen ved Ludebryggen, der han vart meld sakna.

Han vart sist sett i dette området i går, rundt klokka 19.45.

Politipatruljer, båtpatrulje og hundepatrulje deltok i leitinga, med bistand frå frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder. Det vart leita på land og på sjøen.

Innsatsleiar Tordis Myrseth i Vest politidistrikt seier det ikkje er mistanke om noko kriminelt. Pårørande er varsla.

Leteaksjon på Ludebryggen
Foto: Tony Ågotnes / NRK