Hopp til innhold

Tolletaten åtvarar russen etter beslag av 900 liter falsk vodka

Tolletaten har gjort eit beslag på til saman 900 liter med falsk vodka. Beslaget blei gjort i Larvik-området under ein kontroll av ein austeuropeisk registrert bil til kontroll. Det skriv dei sjølv i ei pressemelding.

No åtvarar dei spesielt russen om å kjøpe smuglarsprit.

– Du gamblar med eige liv og helse, åtvarar tolldirektør Øystein Børmer.

Børmer seier det kan vera vanskeleg å sjå forskjellen på falsk og ekte sprit.

– Det er ikkje mogleg for folk å sjå etter spesifikke kjenneteikn på flaskene eller kartongane for å avdekke falsk brennevin, ettersom kjenneteikna endrar seg heile tida. Flaskene eller kartongane kan ha etikettar og vere korka og forsegla. Innhaldet verkar ofte som ekte og trygt, men utgjer i realiteten ein helserisiko, seier han.

Funnet blir no etterforska av politiet, melder Tollvesenet.