Hopp til innhold

Nytt sikkert digitalt førarkort

Ein ny app-versjon for digitale førarkort er snart tilgjengeleg for dei som har nye mobiltelefonar.

Kommunikasjonsrådgivar i Statens vegvesen, Karianne Berg Berntsen frå Sandefjord, har testa ut den nye appen og er fornøgd.

– Med førarkortet på mobilen er det ein ting mindre å tenke på og mobilen gløymer eg aldri igjen heime, seier ho til Sandefjords Blad.

Gamle mobiltelefonar som ikkje støttar nyare operativsystem vil ikkje lenger kunne nytte seg av digitalt førarkort.

Seniorrådgivar og produkteigar Bujar Llukaj i Statens vegvesen seier årsaka er at Vegvesenet har sett høgare krav for å auke tryggleiken.