Hopp til innhold

Møte om vindmøller i Nome

I morgo er grunneigarar på Drangedalsheia i Nome invitert til eit møte for å diskutere planane om utbygging av vind- og solenergi, skriv avisa Kanalen. Det er Fred. Olsen Renewables som står for planane. Dette er det same firma som ville bygge ut vindmøller i Siljan og Kragerø, men båe stader sa kommunen nei. Ordførar i Nome, Bjørg Tveito Lundefaret seier til avisa at saka førebels er på et tidleg idéstadium og at kommunen ikkje vil gjere noko i saka, før det eventuelt kjem ei konkret førespurnad.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark