Hopp til innhold

Dømt for rasistiske ytringar på ferjetur

Ein mann i 30-åra er dømd til 21 dagars fengsel etter å ha uttrykt rasistiske ytringar mot ein medpassasjer på ei ferje frå Moss til Horten.

Hendinga skjedde i februar i fjor, og mannen var rusa under hendinga.

Mannen skal ha gått bort til ein gut og uttrykt rasistiske ytringar i kafeen ombord.

Situasjonen eskalerte til fysisk vald, og fleire passasjerar og mannskapet måtte gripe inn for å skilje dei to mennene.

Mannen erkjende forholda i retten, men forsvararen hans har enno ikkje teke stilling til ein eventuell anke.