Hopp til innhold

Demonstrasjon mot Israel i Skien: – Ikkje ta med små barn

Det er planlagt demonstrasjonar når Israel skal spele kampar i U19-turneringa for landslag i Skien, frå 20. til 26. mars. Men aksjonsgruppa ber folk la små barn vere heime.

– Vi demonstrerer på ein fredeleg måte, men vi veit jo ikkje korleis andre vil oppføre seg. Det kan komme motdemonstrantar som er ute etter å lage kvalme, seier Janne Løken i «Hjerte for Palestina».

Politiet har i lengre tid planlagt for sikkerheita under arrangementet.

Leiar for politiet i Telemark, Dag Størksen, seier dei tidleg blei involverte av Norges Fotballforbund.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark