Hopp til innhold

Vogntog har køyrd inn i autovern på E6

Eit vogntog har køyrd inn i autovernet på E6 ved Ronglan i Levanger.

– Vogntoget hadde punktert og blitt dratt ut i autovernet.

Det seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt Trond Hangaas.

Om lag 100 meter av autovernet har blitt dratt med av vogntoget.

Sørgåande felt er sperra.

Det skal ikkje vere personskade og bilbergar er på veg.