Hopp til innhold

Trondheim kommune om vaksinekrav

Ordførar i Trondheim Rita Ottervik (Ap) seier dei har fullt trykk på vaksinering og vil gjere alt dei kan for å gjennomføre regjeringa sine nye krav om meir effektiv og tilgjengeleg vaksinering mot koronavirus.

– Med den effektiviteten vaksineringa er organisert på i Trondheim meiner eg dette både er ønskjeleg og gjennomførbart, seier ho til NRK.

Helse og velferdsdirektør i Trondheim, Wenche Dehli svarar litt meir reservert når NRK spør om det er realistisk for dei å innfri måla til regjeringa om å mellom anna gje alle over 18 år som vil ha det ein oppfriskingsdose før påske.

– Vi må ha nokre dagar på oss for å lage ein heilt konkret kapasitetsplan no når målet er at tredje dose skal bli gitt før påske. Smittesituasjonen og influensaperioden kan avgrense tilgang på personell, og vi må vere realistiske, seier Dehli.