Hopp til innhold

To personar utsett for vald på Trondheim torg

– To fornærma har blitt utsett for vald, men me har ikkje avhøyrt dei.

Det seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Kirsten Bergstrøm, til Nidaros.

– Meldar meinte det var observert kniv.

Gjerningspersonen er tatt med til arresten og politiet skal avhøyre begge partar.

Ytterlegare ein person gjekk til angrep med spark og slag på ein politibil ved Trondheim torg.

Vedkommande blir køyrd til arresten.