Hopp til innhold

Syklist død etter ulukke

Syklisten som vart skadd etter ein kollisjon med ein bil på Nardo førre veke, døydde på sjukehuset 3.desember. Det opplyser politiet til Adresseavisen. Dødsårsaka er førebels ukjend. Den kvinnelege sjåføren er sikta for å ikkje ha vist nok omsyn under køyringa.