Hopp til innhold

Stakk av fra politiet

Politiet har arrestert ein person i Bangsund som skal ha nekta å stanse etter at han skal ha køyrt i eit autovern og ein lyktestolpe på Fleskhus i Verdal. Mannen hadde ikkje førarkort og kan ha vore rusa, opplyser Trøndelag politidistrikt på Twitter. Politiet prøvde å bruke spikarmatte for å stoppe bilen. Dei fann igjen bilen i Bangsund. Sjåføren hadde stukke av frå bilen og vart arrestert i ein skog av ein hundepatrulje.