Hopp til innhold

Slagsmål på utestad i Trondheim

Politiet har rykka ut til eit slagsmål på ein utestad på Solsiden i Trondheim.

– Me fekk melding om at det har vore eit slagsmål inne på ein utestad på Solsiden klokka 16:44.

Det seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Tobias Liaklev Andersen.

Ein person skal vere skadd.

– Det ser i alle fall ut som han har fått kraftig juling, legg operasjonsleiaren til.

Politiet har kontroll på den fornærma.

– Me driv no og etterforskar på staden og snakkar med fornærma for å få ein indikasjon på kven som har gjort dette, seier Liaklev Andersen.

Politiet har ikkje kome i kontakt med gjerningspersonen, men har fleire namn å gå etter.