Hopp til innhold

Politiet leiter etter ungdommar etter bråk i Stjørdal

Politiet skal ha fått fleire meldingar om ei gruppe ungdommar som bråka og skapte uro utanfor ein kiosk i Stjørdal sentrum.

Det skriv Trønder-Avisa.

Ungdommane skal ha ropt etter andre folk utanfor kiosken.

– Dei skapte uro i sentrum, og patruljen ønska ein prat med ungdommane for å seie at det ikkje er akseptabel oppførsel.

Det seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Tobias Liaklev Andersen, til Trønder-Avisa.

– Foreløpig har me ikkje fått tak i personane, men me leiter vidare i området.