Hopp til innhold

Over 7000 på konsert i Trondheim

Åge Aleksandersen og Sambandet spelar i kveld gratiskonsert på Torvet i Trondheim. Dei sparkar i gong gjenopningsfeiringa i byen, som held fram neste helg med store artistar som Madcon og Ida Jenshus.

Ifølge konsertarrangør Rolf Jarle Brøske i Sparebank 1 SMN er det 7200 personar til stades på konserten. Personar utan billett fekk også sleppe inn for kort tid sidan.

Gratiskonsert med Åge Aleksandersen og Sambandet på Torvet i Trondheim søndag 10. oktober
Foto: Elisabeth Strand Mølster / NRK