Hopp til innhold

Nærmar seg kontroll på Byåsen

Vaktleiar Roger Gjersvold ved Midt-Noreg 110-sentral seier dei snart har kontroll på brannen i ein tomannsbustad på Byåsen. Brannmannskapa driv med etterslukking og sikring. Ifølgje vaktleiar skal innsatsleiar på staden opplyst om ganske mykje skadar i taket. – Kva følgjeskadar det er på huset som følgje av sløkkinga er uvisst, men eg tviler på at dei som bur der kan flytte heim att med det første, seier Gjersvold