Hopp til innhold

Mann trua vektarar med kniv på kjøpesenter i Trondheim

Ein mann er arrestert etter å ha trua vektarar på Sirkus shopping i Trondheim med kniv.

– Han har stole nokre varer på matbutikken og blitt oppdaga av vektarane. Så løp han frå dei. Dei tok han igjen, og då drog han fram ein kjøkkenkniv.

Det seier politiadvokat Line Novstad til Adresseavisen.

Vektarane overtalde mannen til å legge frå seg kniven.

Mannen er køyrd til arresten.