Hopp til innhold

Fekk tilsyn av helsepersonell

Operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt Solfrid Lægdheim seier ein person har fått tilsyn av helsepersonell etter å ha pusta inn røyk frå brannen på Ugla på Byåsen i Trondheim. Totalt sju personar som bur i bustaden er evakuerte. Politi er på staden med fleire patruljar. Politiet trur ikkje brannen vil spreie seg til andre hus. Dei fekk melding om brannen klokka 14.08 i ettermiddag, opplyser operasjonsleiaren.