Hopp til innhold

Hegle Svendsen langt bak

Dei store favorittane svikta i dagens OL-sprint for herrar i skiskyting. Tyske Arnd Peiffer sigra. Debutanten Erlend Bjøntgaard vart beste norske som nummer 5. Emil Hegle Svendsen fekk det ikkje til. Han endar truleg på 18. plass. Den sterke vinden var ei stor utfordring under løpet.