Hopp til innhold

Gåte er klar for semifinale i Eurovision

I kveld skal Gåte kjempe om ein finaleplass i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest.

Bandet hadde generalprøve i går til eit fullsett Malmö arena.

– Etter ei lang rekke med prøvar var det heilt sjukt fint å endeleg få opptre framfor eit fullsett Malmö Arena på kvelden. Me kunne føle energien og trøkket frå publikum heilt opp til scenen. No gler me oss vilt til morgondagens semifinale.

Det sa vokalist Gunnhild Sundli i går kveld.

Semifinalen blir sendt direkte frå Malmö arena på NRK1 og i NRK TV klokka 21.

Gåte på Eurovision 2024 i Malmö etter sin siste prøve før semifinalen.
Foto: Stig Karlsen / NRK