Hopp til innhold

Forsvarer vil ha halvert straff for svensken i utpressingssak

Den svenske 25-åringen som er tiltalt for grovt ran av ein trøndersk artist bør få mildare straff enn det aktor foreslår.

Det meiner forsvarar Live Sjuve Johansen som heldt prosedyren sin i Trøndelag tingrett torsdag.

Aktor vil ha seks års fengsel og at tiltalte også skal dømast for å vere ein del av ei organisert kriminell gruppe. Sjuve Johansen meiner dette er det ikkje nok bevis for.

Rett straff bør vere rundt tre års fengsel, meiner forsvararen.