Hopp til innhold

Etterforskar ran på Lademoen

Politiet jobbar med å avhøyre vitne etter eit ran i ein bustad på Lademoen i Trondheim tysdag ettermiddag. Politiet fekk melding om ein person med våpen, då dei rykte ut. Det var eit gassvåpen.

– Det er veldig tidleg i etterforskinga, så vi ynskjer ikkje å gå ut med så mykje informasjon, seier krimvaktleiar Emma Nordahl i Trøndelag politidistrikt til NRK. Det skal vere ein relasjon mellom sikta og fornærma, fortel ho.