Hopp til innhold

Brann på kjøkken på Byåsen

Naudetatane har rykka ut til ein bustad på Byåsen der det har vore antyding til brann på kjøkkenet.

Bebuarane har sløkt brannen sjølve. Personane blir undersøkt av helse.

Det har vore ein del røyk på staden, melder politiet.

Leilegheita er ikkje til å bu i etter at eit pulverapparat blei brukt til å sløkke brannen.