Hopp til innhold

Familie til sjukehus etter utforkøyring i Namsskogan

Ein bil med ein familie på fire har køyrd av vegen i Namsskogan, nord i Trøndelag.

– To vaksne og to barn skal vere involvert. Alle har kome seg ut av bilen. Dei er undersøkt av ambulansepersonell på staden. Skadegrad er ukjent.

Det seier operasjonsleiar Kirsten Bergstrøm i Trøndelag politidistrikt til Trønder-Avisa.

Bilen skal ha kollidert med eit tre. Familien er sendt til sjukehuset for ein sjekk.