Hopp til innhold

Åtvarar mot "naiv" grensekontroll

Ordførar i Trondheim Rita Ottervik seier til NRK at mange av tiltaka regjeringa no anbefaler allereie er innført som påbod i Trondheim, og at mange av nabokommunane deira også har anbefalt dei same tiltaka.

– Vi og Tromsø har lege framfor og innført tiltak på grunn av smittesituasjonen, seier ho. Ordføraren oppfordrar den nye regjeringa til å vere «mindre naive» enn den førre med tanke på grensekontroll.

– Og å ikkje ha eit så tillitsbasert system som gjer det mogleg å gå forbi og ta med seg smitte inn i landet, seier Ottervik.

Ordføraren seier ho er glad for at det kom klarsignal for oppfriskingsdose for dei over 18 år.