Hopp til innhold

Åge Aleksandersen får heider av Mållaget

Han får Noregs Mållag sin Målblome «for å ha gjort trøndersk til hjartespråket og brøytt veg for nye generasjonar av dialektbrukarar».

– Gjennom ein lang og rik karriere har Åge Aleksandersen vist at det trønderske talemålet fungerer like godt som noko anna til å fortelje historier for kvardag og høgtid. Han har sett ord på dei store kjenslene i livet, for folk i heile landet.

Det sa nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre, i sin tale til trønderen.

Særleg for unge dialektbrukarar er det viktig med språklege førebilete som gjev dialektane plass, ifølgje mållaget.

– Åge Aleksandersen er eit slikt førebilete. Vi må alle sjå og høyre dialektar rundt oss i kvardagen, både for å bli trygge i eigen dialektbruk, men også fordi det gjev talemålet status.

Målblomen vart delt ut torsdag morgon (på Aleksandersens 75-årsdag) under Nynorsk inspirasjonsdag i Trondheim, som vart arrangert av Trønderlaget og Institutt for lærarutdanning ved NTNU.

Åge Aleksandersen står i kontoret sitt på Brattøra i Trondheim
Foto: Morten Andersen / NRK