Hopp til innhold

Fallulukke under politijakt

Ein mann i 30-åra er sendt til sjukehus etter ei fallulukke i Porsgrunn sentrum i natt. Mannen fall 8 meter ned frå ein mur då han prøvde å rømme frå politiet. I fylgje sjukehuset er han ikkje alvorleg skadd.